– Vi tilpassar oss samfunnsendringane

ENDRINGAR: Dagleg leiar på Samtun, Anna Kuhlefelt fortalde utfyllande, saman med Ole Sønnik Dydland Larsen i behandlingsteamet på Samtun, om endringane på Samtun i samaband med vårens temadag på Sykehuset Telemark. FOTO: INGEBJØRG BØ

TIDLEG: Samtuns lege, Christian Nelke, kunne fortelje om mange samansette diagnosar hos pasientane på Samtun. – Både behandling og utredning startar tidleg hos oss, kunne han meddele.
SAUHERAD: Før skreiv ein lappar når ein blei sinna på ein medbebuar på Samtun. Nå løyser ein konflinktsituasjonen når dei oppstår.
– Me ønsker å snakke til kvarandre som ein ville gjort ute i den vanlege verda, seier dagleg leiar Anna Kuhlefelt.
Da ho overtok som dagleg leiar ved Samtun ved årsskiftet, såg ho fort at strukturelle endringar i behandlingskvardagen var nødvendig. Med bakgrunn som nestleiar på Tyrili Sør i Skien, har ho freista å ta ut det beste frå båe stader – og gje Samtun enda betre føresetnader som behandlingsstad for unge rusmisbrukarar. Tittelen som terapeutisk samfunn er nå borte – tilbake står ein behandlingsstad der kommunikasjonen og samhandlinga er som elles i samfunnet. Kuhlefelt meiner dette er meir i tida og gjer at fokus på individuell tilpassing og brukar medverknad blir lettare.
Ikkje noko fasitsvar
– Det er ikkje noko fasitsvar i denne bransjen. Men me freistar å tilpasse oss samfunnsendringane og den vanlege kvardagen. Det er jo den me jobbar mot, seier ho, og understrekar at ein i dette dyrkar fellesskapet like sterkt som før.
– Me trur ein blir sterkast saman. Alle må medverke for å gjere kvarandre gode, seier ho og syner til dei fire grunnsteinane som primære rettesnorer: Huset skal vere rusfritt, det er nulltoleranse for vald og trugsmål, ein skal behandle kvarandre med respekt og ein skal vere ærlege mot kvarandre.
Dyrkar fellesskapen
– Ein har stor forståing for at ein er i ein vanskeleg situasjon når ein kjem inn til døgnbehandling, og det er større rom for å lande litt. Samstundes krev det mykje motivasjon for å endre seg, og ein krev at ein er aktiv i samhandling med dei andre på huset. Fellesskapet rotnar på rot med hemmelegheiter og løgner, konstaterer Kuhlefelt og seier dette er noko ein jobbar mykje med. Samarbeidstanken er i fokus, og både tilsette og bebuarar samarbeider nå om å vaske, rydde og lage mat, fortel ho. Elles brukar ein mykje tid på å lage gode planar og å evaluere kva som gjekk bra, kva som ikkje gjekk bra og korleis ein kan gjere det betre neste gong.

SOLID LAG: Samtuns lege, Christian Nelke (t.v.), dagleg leiar på Samtun, Anna Kuhlefelt og Ole Sønnik Dydland Larsen i behandlingsteamet fortalde eit nyleg eit velrepresentert helsetelemark om nye Samtun.
– Ein blir ikkje utskriven for å syne problemet sitt, slår Kuhlefelt fast.
Tidleg medisinering
I tillegg til sjølve rusmisbruket møter ein ofte ulike tilleggsproblematikkar som psykiske lidingar, relasjonsproblematikk og traumar, og i samråd med lege kan ein få utredning og behandling alt i starten av behandlinga.
– Me er opptatt av å jobbe tverrfagleg, seier Kuhlefelt som også er opptatt av å avlive ein del usanningar.
– Det har lenge vore ei myte at ein ikkje får medisiner på Samtun. Det er feil, konstaterer den daglege leiaren. Med eit solid behandlingsteam med lege, psykologar, sjukepleiarar og andre sosialfagleg utdanna miljøterapeutar, er det ingen som blir oversett blant Samtuns 22 plassar.
– Her blir alle i høgste grad fortsatt sett og ivaretatt, slår Kuhlefelt fast.