Samtun
  • Forsiden
  • Nyheter
  • Behøver du behandling?
    • Målgruppe
    • Du risikerer
    • Hvordan søke
    • Sitat fra beboere
    • Trening og mestring
  • Behandlingstilbudet
    • Henvisning til Samtun
    • Ventetider
    • Inntak
    • Stabiliseringsuke
    • Treningsdelen
    • Mestringsdelen
    • Etablering
    • Mål og verdigrunnlag
  • Samtun og hverdagen
    • Prosjektarbeid
    • Aktiviteter
    • Slik bor vi
  • Pårørende
    • Viktig informasjon til pårørende
    • Familiesamtaler
    • Besøk på Samtun
  • Om oss
    • Samtun AS
    • Avtale med Helse Sør-Øst RHF
    • Stiftelsen Sauherad Samtun
  • Kontakt oss
    • Inntak
  • Ledige stillinger
Samtun

  • Home
  • Siste nytt
  • – Vi er alle menneske, men med ulike bagasjar

– Vi er alle menneske, men med ulike bagasjar

Skrevet av Ingebjørg Bø 25. januar 2018. Publisert i Siste nytt

HOSPITERTE: Maren Solli Torp (22) oppmodar fleire politistudentar til å hospitere i ein rusinstitusjon. Sjølv var ho på Samtun i 12 dagar. FOTO: INGEBJØRG BØ

Politistudent Maren Solli Torp (22) har hospitert på Samtun i 12 dagar. Det gav ei sjeldan erfaring ho ikkje ville vore for utan.

–          Eg merka at bakgrunnen min var litt annleis, særleg i starten, men eg blei kjapt ein del av gruppa, fortel 22-åringen som opphavleg er frå Hamar. At «snuten» skulle inn i behandlingsprogrammet til dei unge rusmisbrukarane, hadde i utgangspunktet møtt mykje motstand i gruppa.

–          Men det varte ikkje lenge.  Det som kanskje overraska meg mest, var kor godt eg blei tatt vare på heile vegen, fortel politistudenten som meiner ho lærte mykje om både seg sjølv og dei 12 bebuarane ho delte hus med gjennom dei to vekene.

–          Eg trur begge partar hadde godt av å møte kvarandre. Uansett bakgrunn er det godt å kjenne at vi alle er menneske, men med ulike bagasjar, seier ho.

Må by på seg sjølv 

Som hospitant på Samtun hadde Maren samme premissar som andre nye som kjem til staden for rusbehandling. Ho fekk ei storesyster som tok ansvar for henne, synte henne rundt, rettleidde og følgde opp med stort og smått.

–          Eg følte meg veldig trygg og ivaretatt frå første stund. Det er godt å ha nokon ein veit ein kan spørre uansett – og som er der litt ekstra for deg. Det gjorde starten mykje lettare. Det er fort å kjenne seg einsam som ny, erkjenner hospitanten. Også ho måtte by på seg sjølv under opphaldet.

–          Eg var på ingen måte nokon observatør. Eg deltok så godt eg kunne på lik linje med dei andre. Skreiv lappar, sette grenser, tok kommando, fekk oppgåver, meldte behov og kom med tilbakemeldingar i gruppene. Det var til tider krevjande, fortel ho. 22-åringen oppdaga også sider ved seg som ho må jobbe med i det vidare.

Møter seg sjølv i døra

–          Ein møter seg sjølv litt i døra. Det er ikkje alt ein er like sterk på. Å ta ei leiarrolle slik utan vidare, er ikkje alltid greitt. Også eg er jo redd for å gjere feil, fortel Maren, som sjølv føler å ha vokst på erfaringane sine. Det gjeld også med omsyn til struktur og rammer, som er viktige køyrereglar i behandlinga på Samtun. Mange hevdar det er for mange og for strengt. Maren meiner det må vere såpass.

–          Eg trur det er heilt nødvendig at det er slik. Det handlar mykje om folkeskikk og det å kunne takke for seg. Mange er også vande med å handle på impuls – som ofte får følgjer. Ein lærer at det skal lønne seg å ha ein plan og halde seg til det planlagde. Å kunne stå i ulike ubehag som dette også inneber, gjer noko med ein, seier studenten som har halvtanna år att på Politihøgskolen i Oslo. Praksistida si har ho på Notodden.

Anbefalar fleire å gjere slik

Politistudentar på hospitering hos Samtun er sjeldan vare. Dei siste åra har ein i snitt hatt ein slik annakvart år. Maren er overraska over at det ikkje er fleire.

–          Det har vore veldig lærerikt. Eg ville ikkje vore for utan desse vekene. Det er ikkje så lett å sjå mennesket når dei har gjort noko dumt. Her lærer ein å kjenne menneska bak handlingane.

–          Dette er veldig verdifulle kunnskapar – ikkje minst med tanke på yrket eg har valt, seier Maren som oppmodar fleire til å hospitere på tilsvarande måte.

Sitater fra tidligere beboere

  • «Å jobbe med seg selv, kan være en tung jobb, men her får du råd og veiledning på veien som hjelper deg til å bli bedre kjent med deg selv ved å bli bevisst på handlinger, adferd og væremåte. Og det beste av alt er at du vil jobbe med et fellesskap som ønsker å oppnå mål som deg: Å bli rusfri.»

    I, tidligere beboer

  • «En viktig del av Samtun, er fellesskapet som metode, dette vil si at man lærer å stole på andre mennesker og da kan man også ta tak i hverandre. En annen ting som også er veldig viktig med Samtun, er at her fokuserer vi ikke bare på det å bli rusfrie, men også det å holde seg rusfri og det er ingen smertefri jobb. Jeg vil si at dersom du er en som har lyst til å bli og holde deg rusfri, er Samtun et supert sted å komme til.»

    A, tidligere beboer

  • «Jeg hadde aldri trodd jeg skulle klare å endre mitt rusmønster, men dette klarte jeg å motbevise ved å komme til Samtun.»

    Gutt 17, tidligere beboer

  • «På Samtun får jeg utfordret meg i mange forskjellige roller som for eksempel kjøkkenleder og i det å styre huset. Det kan være veldig utfordring både det å skulle være ansvarlig selv og det å vis ansvar overfor andre. En annen ting jeg synes er bra med Samtun, er at beboerne selv styrer huset. Det er med på å bygge selvtillit samtidig som man får trent på å sette grenser. Dette er selvfølgelig i regi av de ansatte som er veldig dyktige til å tilrettelegge beboernes behov. »

    K, tidligere beboer

  • «Samtun har forandret meg på måter jeg aldri har trodd hadde vært mulig.»

    K, tidligere beboer

  • Sitat fra beboer
  • Sitat fra beboer
  • Sitat fra beboer
  • Sitat fra beboer
  • Sitat fra beboer
Samtun AS Hvitsandvegen 34, 3811 Hørte / T 35 95 66 00 / E post@samtun.no
  • Forsiden
  • Nyheter
  • Behøver du behandling?
    • Målgruppe
    • Du risikerer
    • Hvordan søke
    • Sitat fra beboere
    • Trening og mestring
  • Behandlingstilbudet
    • Henvisning til Samtun
    • Ventetider
    • Inntak
    • Stabiliseringsuke
    • Treningsdelen
    • Mestringsdelen
    • Etablering
    • Mål og verdigrunnlag
  • Samtun og hverdagen
    • Prosjektarbeid
    • Aktiviteter
    • Slik bor vi
  • Pårørende
    • Viktig informasjon til pårørende
    • Familiesamtaler
    • Besøk på Samtun
  • Om oss
    • Samtun AS
    • Avtale med Helse Sør-Øst RHF
    • Stiftelsen Sauherad Samtun
  • Kontakt oss
    • Inntak
  • Ledige stillinger