Samtun
  • Forsiden
  • Nyheter
  • Behøver du behandling?
    • Målgruppe
    • Du risikerer
    • Hvordan søke
    • Sitat fra beboere
    • Trening og mestring
  • Behandlingstilbudet
    • Henvisning til Samtun
    • Ventetider
    • Inntak
    • Stabiliseringsuke
    • Treningsdelen
    • Mestringsdelen
    • Etablering
    • Mål og verdigrunnlag
  • Samtun og hverdagen
    • Prosjektarbeid
    • Aktiviteter
    • Slik bor vi
  • Pårørende
    • Viktig informasjon til pårørende
    • Familiesamtaler
    • Besøk på Samtun
  • Om oss
    • Samtun AS
    • Avtale med Helse Sør-Øst RHF
    • Stiftelsen Sauherad Samtun
  • Kontakt oss
    • Inntak
  • Ledige stillinger
Samtun

  • Home
  • Siste nytt
  • Sjefsbytte på Samtun etter 32 år

Sjefsbytte på Samtun etter 32 år

Skrevet av Ingebjørg Bø 29. januar 2018. Publisert i Siste nytt

LEIARSKIFTE: Ved årsskiftet vart det leiarskifte ved Samtun. Anna Kuhlefelt (47) erstattar leiarstillinga Terje Wold har hatt sidan 1985. FOTO: INGEBJØRG BØ

Samtun har fått ny dagleg leiar. Frå nyttår og etter 32 år i sjefsstolen gav Terje Wold (64) frå seg leiarroret til Anna Kuhlefelt (47).

–          Kjempespennande, erkjenner Anna Kuhlefelt etter vel tre veker som Samtun-sjef. Dei siste 10 åra har ho vore nestleiar ved Tyrilistiftelsen Sør i Skien – ein behandlingsstad for rusavhengige på storleik med Samtun og med fleire fellesnemnarar. Som psykologspesialist, familieterapeut og med solid erfaring innan rusfeltet, har ho mykje i sekken i møte med arbeidsoppgåvene som ventar. Terje Wold er ikkje uroa for den faglege biten.

–          På ingen måte. Den trur eg er høgst ivaretatt. Staben er også så god at ein uproblematisk kan gå vidare med ein ny leiar med erfaring frå same område. Det er snarare den praktiske sida eg tenkjer på, smiler Wold, som har vore med å byggje opp staden sidan dei første brukarane kom til Samtun i 1985. I tillegg til å ha den daglege styringa har Wold vekselsvis fungert som økonomisjef, vaktmeister, terapeut, IT-ansvarleg og reiseleiar etter behov.

Tatt steinar ut av sekken   

–          Joda, det er klart det er vemodig, men samtundes også litt godt. Eg har alt tatt nokre steinar ut av sekken. Eg har ikkje lenger det overordna ansvaret for at dette fungerer, seier han med eit glimt i auga. Frå å bare ha ei handfull brukarar og eit fåtal tilsette, har Samtun i dag 22 senger og tel kring 25 tilsette. Og med ein psykolog på fulltid og ein lege i halvstilling, er Samtun blitt både minisjukehus og ein viktig arbeidsplass i regionen. Staden har også fått eit solid andletsløft. I løpet av 2017 har Samtun investert for framtida, og gitt behandlingsstaden oppgraderingar for nærare 22 millionar kroner. I takt med samfunnet, er strukturen også stadig i endring. Kuhlefelt understrekar at gjeldande rammer er viktige.

–          Gruppa treng struktur. Samtun gjer eit godt stykke arbeid i forhold til å vere systematiske og grundige. Dei unge får verkeleg ein sjanse til å ta tak det dei slit med. Å komme seg ut av avhengigheita handlar om å snu mange steinar. På Samtun får dei hjelp til å snu dei viktigaste for å klare å endre kurs, presiserer Kuhlefelt. Ho seier det alltid vil vere slik at ein diskuterer korleis ein vil ha det. Sjølv møtte ho staden med blanke ark og ope sinn. Nå gler ho seg til vegen vidare.

–          Det er stabile og ordna forhold. Eg har blitt veldig positivt overraska. Eg har nokre tankar eg vil lufte etterkvart, men først vil eg komme ordentleg i gang og få litt oversikt, seier ho. Som sin forgjengar ser ho ein umiddelbar verdi av Samtuns plassering – nærleiken til Bø med mykje å engasjere seg i, samt samarbeidet med næringslivet, som eit stort pluss.

Bø viktig for Samtun           

–          Det gir brukarane veldig gode moglegheiter – både med tanke på aktivitetar og interesser, men også med omsyn til arbeidstrening. Bø er kjempeviktig for Samtun, påpeikar ho og understrekar både arbeid og aktivitet som viktige faktorar for å halde seg rusfri. Dette løftar også Wold fram.

–          Det er inga bygd i Telemark som har så mange unge mellom 20 og 30 år. Næringslivet er vande med å inkludere nye, og dei nye slepp såleis å føle på at dei skil seg ut, skyt Wold inn og syner til mange gode samarbeid over fleire år. Som andre behandlingsstader er det framleis stor overvekt av menn som kjem til behandling på Samtun, og dei to sjefane registrerer ei brukargruppe som stadig blir eldre og er meir medisinerte. Dei forklarar dette med fleire med psykiske lidingar, og tilgangen til medikament som bare er eit tastetrykk unna. Kampen for å få dei unge på rett kjøl att brenn dei uansett begge for. Og med Wold som operativ i jobben fram til påske, er Kuhlefelt i god tru på ein god overgangsperiode.

–          IT-ansvaret og vaktmeisteroppgåvene må eg nok deligere. Men eg har lagra telefonnummeret til Terje – så i verstefall får han ein telefon, humrar den nye daglege leiaren på Samtun.

 

Sitater fra tidligere beboere

  • «Å jobbe med seg selv, kan være en tung jobb, men her får du råd og veiledning på veien som hjelper deg til å bli bedre kjent med deg selv ved å bli bevisst på handlinger, adferd og væremåte. Og det beste av alt er at du vil jobbe med et fellesskap som ønsker å oppnå mål som deg: Å bli rusfri.»

    I, tidligere beboer

  • «En viktig del av Samtun, er fellesskapet som metode, dette vil si at man lærer å stole på andre mennesker og da kan man også ta tak i hverandre. En annen ting som også er veldig viktig med Samtun, er at her fokuserer vi ikke bare på det å bli rusfrie, men også det å holde seg rusfri og det er ingen smertefri jobb. Jeg vil si at dersom du er en som har lyst til å bli og holde deg rusfri, er Samtun et supert sted å komme til.»

    A, tidligere beboer

  • «Jeg hadde aldri trodd jeg skulle klare å endre mitt rusmønster, men dette klarte jeg å motbevise ved å komme til Samtun.»

    Gutt 17, tidligere beboer

  • «På Samtun får jeg utfordret meg i mange forskjellige roller som for eksempel kjøkkenleder og i det å styre huset. Det kan være veldig utfordring både det å skulle være ansvarlig selv og det å vis ansvar overfor andre. En annen ting jeg synes er bra med Samtun, er at beboerne selv styrer huset. Det er med på å bygge selvtillit samtidig som man får trent på å sette grenser. Dette er selvfølgelig i regi av de ansatte som er veldig dyktige til å tilrettelegge beboernes behov. »

    K, tidligere beboer

  • «Samtun har forandret meg på måter jeg aldri har trodd hadde vært mulig.»

    K, tidligere beboer

  • Sitat fra beboer
  • Sitat fra beboer
  • Sitat fra beboer
  • Sitat fra beboer
  • Sitat fra beboer
Samtun AS Hvitsandvegen 34, 3811 Hørte / T 35 95 66 00 / E post@samtun.no
  • Forsiden
  • Nyheter
  • Behøver du behandling?
    • Målgruppe
    • Du risikerer
    • Hvordan søke
    • Sitat fra beboere
    • Trening og mestring
  • Behandlingstilbudet
    • Henvisning til Samtun
    • Ventetider
    • Inntak
    • Stabiliseringsuke
    • Treningsdelen
    • Mestringsdelen
    • Etablering
    • Mål og verdigrunnlag
  • Samtun og hverdagen
    • Prosjektarbeid
    • Aktiviteter
    • Slik bor vi
  • Pårørende
    • Viktig informasjon til pårørende
    • Familiesamtaler
    • Besøk på Samtun
  • Om oss
    • Samtun AS
    • Avtale med Helse Sør-Øst RHF
    • Stiftelsen Sauherad Samtun
  • Kontakt oss
    • Inntak
  • Ledige stillinger