Fellesskap som struttar – fekk pris for beste samhald

BEST: Samtun-gjengen fekk den gjevaste prisen under «Vinterlekene», da dei vart kåra til beste samhald. Stolte utøvarar syner fram vinnartrofeet. FOTO: INGEBJØRG BØ
– Dette er definitivt den prisen me er mest stolte av. Fellesskapet og samhaldet har verkeleg vokst i løpet av desse dagane.
Det seier ein stolt Samtun-gjeng etter årets «Vinterleker» på Renåvangen. Turen, som i utgangspunktet møtte mykje motstand frå dei 15 deltakarane frå Samtun, resulterte snarare i eit opphald der fleire verkeleg blomstra. Samtun-gjengen var halvparten så mange som konkurrentane frå dei andre behandlingsinstitusjonane, men synte ei stå-på vilje ingen andre kunne måle seg med.
– Det blei ingen topplasseringar i nokon av øvelsane. Lite gull, for å seie det slik. Men me toppa heller aldri laga, og hadde i staden fokus på at alle skulle med. Det resulterte i eit fantastisk samarbeid. Me backa kvarandre opp og gjorde kvarandre gode. Det var ein stor opptur for mange, erkjenner fleire i gruppa.
Måtte stå i det
Innhaldet i konkurransane på Renåvangen femna breitt på alle vis. Det var tevling på spark med bind for augene, skistafettpå langski, kassestabling, quiz, snøskutertur, volleyball og presentasjon av sjølvprodusert underhaldning for dei andre deltakarane. Her vart angst, trass og motvilje sett på prøve.
– Me stod i det. Motivasjonen både før og undervegs var veldig variabel, men me klarte å hente oss inn igjen og måtte levere. Det var veldig lærerikt for mange av oss. Me lærte mykje om oss sjølve og kjente på å bryte motstand. Me måtte bare stå i det. Det var tøft, men har gitt mykje, vedgår gruppa tydeleg stolte.

LAUSSNØ: Med stafett i laussnø fekk utøvarane kjenne på fleire utfordringar.
Gitt ny glød
Medan nokon var glade for å vere tilbake i kjente omgjevnader i Telemark, hadde andre sett at vinterdagane i Østerdalen varte mykje lenger.
– Eg var ikkje klar for å heimatt. Eg synest «Vinterlekene» kunne vart mykje lenger. Eg blei liksom ikkje ferdig der, innrømmer ein til lun latter frå dei andre i fellesskapet. At det det var turen verdt med nærare seks køyretimar kvar veg i buss, og at «Vinterlekene» verkeleg var moro, er vanskeleg å nekte for. Eit synleg bevis minner om kva dei klarar å yte saman. For mange var dette eit godt påfyll til vegen vidare i behandling.

FRISKT: Uteliv prega både opphald og aktivitetar på Renåvangen. Deltakarane fekk eit nært og friskt møte med Kong Vinter.
– Fellesskapet har lært så mykje. Me har hatt det så triveleg. Dette har vore ei viktig fellesskapsmeistring. Det er jammen fine folk, slår fellesskapet fast.
”Vinterlekene” varte i tre dagar og er eit årleg vinterarrangement for behandlingsinstitusjonar for rusavhengige som nyttar terapeutiske samfunn som behandlingsform. Totalt 65 deltakarar var med i tevlingane ved behandlingsinstitusjonen Renåvangen i Østerdalen.

LANGSKI: God lagånd på langski – med fem mann i skiparet.

STOLE PÅ: Samarbeid og å kunne stole på kvarandre var viktig da passasjeren var kartlesar for sparkesjåføren med bind for augene.

FELLESSKAP: I bruskassestablinga måtte fellesskapet samarbeide tett.

KUNST: Fellesskapets kunstprosjekt i snø.