Da Evju møtte Eskild
HØRTE: På Evju er dei suverene i å få vekster til å spire og gro. Men å halde gras og vekster nede, gjer seg ikkje sjølv. Det blei starten på eit nytt og spennande samarbeid med Samtun.
GOD TRIO: Denne trioen har samarbeidd godt i sommar. Spesialpedagog Anna Julie Verbelen (t.v.) museumsstyrar Jorid Vale og Eskild P. Stamoen.
Tekst og foto: Ingebjørg Bø
-Alt dei dyrkar, alt dei lagar og får til – og ikkje minst samarbeidet med barn og unge. Der er bare så bra. Da eg fekk høyre om denne staden, visste eg det var midt i blinken for meg, presiserer Eskild P. Stamoen (30). I eitt år har han vore i behandling for rusproblema sine på Samtun i Midt-Telemark. Dei fire siste månadene i arbeidstrening som gartnar og altmoglegmann på Evju bygdetun.
-Det gir meistringskjensle og det er meiningsfylt. Også ser eit fort resultat, smiler Eskild. Som andre i hans situasjon hadde han helst sett at både behandlingstida og andre ting i kvardagen gjekk litt fortare.
– Da er det motiverande å sjå at noko gir kjapt resultat. Men det gjer seg ikkje sjølv det heller da, understrekar han.
Første gong på Evju
Arbeid i dei frodige hagane har medverka til mange meiningsfylte arbeidsdagar.
Sjølv om Samtun og Evju har samarbeidd om mykje gjennom fleire tiår, er det første gong at bygdetunet har hatt nokon i arbeidstrening over lengre tid frå rusinstitusjonen.
-Ja, det er kanskje litt spesielt, ettersom ein har samarbeidd om mange ting gjennom desse åra. Men kvardagen har hatt litt meir dagleg organisering her i år, ikkje minst på grunn av at den allsidige spesialpedagogen Anna Julie Verbelen har vore tilsett her i halv stilling. Gjennom henne har det vore meir dagleg drift på staden, og ein har vidare drive meir systematisk dyrking av grønsaker og hausta dette til eige bruk eller i samarbeid med andre aktørar, fortel museumsstyrar ved Evju bygdetun, Jorid Vale. Evju har med dette kunne servere kortreiste vegetarrettar, i alle regnbogens fargar, til dagsbesøkande gjennom sommarvekene. Kvar sundag i september blir det også servert varmrettar på staden, som verkeleg gjev ei smakfull kjensle av «frå jord til bord». For Eskild har det vore verdifullt å vere ein del av dette.
-Det er godt å jobbe ute. Og eg likar å bli litt skitten på nevane. Så har eg også nokre dårlege dagar, og da er det godt å kunne trekke seg litt vekk og jobbe litt på eigahand med å klyppe gras, luke, vatne eller fikse småting, om det er behov for det, fortel han. Tidlegare i år testa han ut å jobbe i butikk, men det fungerte ikkje like godt.
-Nei, det passa ikkje heilt for meg. Det gav ikkje samme meistringskjensla, fortel han.
Nye sider ved seg sjølv

Arbeidstrening i tre, fire månader, som del av siste fase i behandlinga på Samtun, har mange solskinshistorier å syne til.
-Me er så takksame for det gode samarbeidet ein har hatt med næringslivet i Midt-Telemark gjennom mange år. Det gir bebuarane våre ein solid og realistisk start på livet utafor institusjonen, seier dagleg leiar ved Samtun, Anna Kuhlefelt. Ho er takksam for at samarbeidet på Evju har fungert så godt i sommar, og ser gjerne for seg fleire slike. Jorid støttar henne fullt ut.
-Det har vore veldig fint, og er litt vinn-vinn for begge partar, trur eg. For Evjus del har det vore gull å ha ein som Eskild her tre dagar i veka, som har bidratt og tatt i eit tak der det trengst. Og eg trur han har fått opp augene for andre sider ved sjølv som han kanskje ikkje var klar over. Han har blant anna eit veldig godt lag med barn og unge, fortel Jorid, som veit dette har vore veldig positiv erfaring for Eskild også.
-Ja, det er ei takknemnleg oppgåve å vere saman med barn og unge. Det gir ikkje jobb-kjensla på samme måten, men er bare gjevande og triveleg, og litt krevjande da, smiler han, med sekken full av nyttig kunnskap – nå på veg ut i verda på eigahand.
9A ved Sauherad barne- og ungdomsskule har hausta grønsaker på Evju som skal brukast i grønsakssuppe i faget mat- og helse.