Andreas sjekkar ut etter 18 år i rus

FRILUFTSLIV: Andreas Sandnes (31) har bruka mykje tid på fjellet og saman med dyr. Det har gitt han mykje. Her frå Gavlesjåstulen i Lifjell i sommar. FOTO: PRIVAT
SAUHERAD: – Eg har jo hoppa over mange år som eg måtte hente inn igjen. Det var veldig spesielt å innom puberteten i ein alder av 30 år.
Det seier Andreas Sandnes (31), og ser tilbake på året som har gått. Han begynte å ruse seg som 12-åring og levde sidan 18 turbulente år i rus. Etter beinhard jobbing gjennom eitt behandlingsår på Samtun, sjekkar han nå ut og er klar for verda igjen – denne gongen utan rus.
– Det har vore litt av ei reise. Ein skulle ha filma meg. Eg var som eit lite ekorn på stereoidar da eg kom. Masse lyd, rørsler, armar og bein. Eg klatra nesten opp etter veggane, men eg var veldig usikker og redd, minnest Andreas, som lenge hadde fortrengt behovet for behandling. Den siste tida budde han i ein container, og dei gode relasjonane i livet var stort sett viska ut. Gradvis kom motivasjonen.
– Eg kom til eit punkt der det begynte å gå så nedover med meg. Eg trong så mykje rus bare for å klare å gå ut døra. Eg ville ikkje ha det slik lenger – eg ønskte å oppleve ting, dra på ferie, sjå verda, ha ein jobb, få meg sertifikat, kanskje familie, dra på butikken og handle – alt det ein ikkje kan når ein går på Nav og rusar seg, erkjenner 31-åringen, som lovar at prosessen har kosta.

FEIRA: Eitt fullført behandlingsår på Samtun vart feira med kake og stor ståhei.
Godt å fungere att
– Det har vore beintøft. Mykje tøffare enn eg trudde. Etter to, tre månader er det vanskeleg for dei fleste, og slik var det for meg også. Da kjem liksom alt, og store delar av livet ein må tole å hente innatt. Eg var blant anna innom puberteten igjen også ein periode. Det var veldig spesielt i ein alder av 30 år, humrar Andreas, og held fram:

STASELEG: God mat, fine talar, gode minne og flott selskap gjorde avslutningsdagen til Andreas til ei staseleg markering.
– Samvittigheita blir ein skikkeleg knekk for mange – fortida får ein liksom ikkje gjort noko med. Ein er vand med quick fix når noko blir vanskeleg, og det er tungt å stå i kvardagen og skulle byggje seg opp frå start når alt er vondt og ein føler det går seint. Men kva er vel eit år i løpet av eit heilt liv? Og det gjer så mykje med deg som menneske å kunne fungere att – ta og kjenne på ting, prate, stole på folk og løyse problem utan rus. I dag sit eg for eksempel her og nyt det fine vêret, seier Andreas og smiler mot seinsommarsola.
– Eg har jo aldri brydd meg om vêret før, skyt han inn.

KLAR: Etter eitt behandlingsår sjekkar Andreas Sandnes (31) ut frå Samtun. – Eg er spent, men veldig klar, erkjenner han.
Må ville det 130 prosent
31-åringen har fått seg leilegheit og skal straks på jobbleit. Han har lært seg å dyrke interessa for hest og friluftsliv, som nå fyller fritida med herleg livsgnist. Gjennom behandlingsåret har han også opparbeidd mange gode verktøy han tar i bruk når kvardagen kjennest tung. Men utan vilje ville han ikkje vore her i dag.
– Ein må ville vere rusfri 130 prosent sjølv, elles er ein sjanselaus. Ein vil møte rusbekjente gjennom heile livet, og mange vil sprekke rundt ein heile tida. Eg har sett meg i skotlinja gong på gong gjennom dette året, men blir bare enda meir sta når andre ramlar utpå. Ein må ville det sjølv, enkelt og greitt. Og eg er ganske stolt over å ha fått det til så langt, smiler Andreas – klar for ein ny og spennande epoke i livet