Sjefsbytte på Samtun etter 32 år

LEIARSKIFTE: Ved årsskiftet vart det leiarskifte ved Samtun. Anna Kuhlefelt (47) erstattar leiarstillinga Terje Wold har hatt sidan 1985. FOTO: INGEBJØRG BØ
Samtun har fått ny dagleg leiar. Frå nyttår og etter 32 år i sjefsstolen gav Terje Wold (64) frå seg leiarroret til Anna Kuhlefelt (47).
– Kjempespennande, erkjenner Anna Kuhlefelt etter vel tre veker som Samtun-sjef. Dei siste 10 åra har ho vore nestleiar ved Tyrilistiftelsen Sør i Skien – ein behandlingsstad for rusavhengige på storleik med Samtun og med fleire fellesnemnarar. Som psykologspesialist, familieterapeut og med solid erfaring innan rusfeltet, har ho mykje i sekken i møte med arbeidsoppgåvene som ventar. Terje Wold er ikkje uroa for den faglege biten.
– På ingen måte. Den trur eg er høgst ivaretatt. Staben er også så god at ein uproblematisk kan gå vidare med ein ny leiar med erfaring frå same område. Det er snarare den praktiske sida eg tenkjer på, smiler Wold, som har vore med å byggje opp staden sidan dei første brukarane kom til Samtun i 1985. I tillegg til å ha den daglege styringa har Wold vekselsvis fungert som økonomisjef, vaktmeister, terapeut, IT-ansvarleg og reiseleiar etter behov.
Tatt steinar ut av sekken
– Joda, det er klart det er vemodig, men samtundes også litt godt. Eg har alt tatt nokre steinar ut av sekken. Eg har ikkje lenger det overordna ansvaret for at dette fungerer, seier han med eit glimt i auga. Frå å bare ha ei handfull brukarar og eit fåtal tilsette, har Samtun i dag 22 senger og tel kring 25 tilsette. Og med ein psykolog på fulltid og ein lege i halvstilling, er Samtun blitt både minisjukehus og ein viktig arbeidsplass i regionen. Staden har også fått eit solid andletsløft. I løpet av 2017 har Samtun investert for framtida, og gitt behandlingsstaden oppgraderingar for nærare 22 millionar kroner. I takt med samfunnet, er strukturen også stadig i endring. Kuhlefelt understrekar at gjeldande rammer er viktige.
– Gruppa treng struktur. Samtun gjer eit godt stykke arbeid i forhold til å vere systematiske og grundige. Dei unge får verkeleg ein sjanse til å ta tak det dei slit med. Å komme seg ut av avhengigheita handlar om å snu mange steinar. På Samtun får dei hjelp til å snu dei viktigaste for å klare å endre kurs, presiserer Kuhlefelt. Ho seier det alltid vil vere slik at ein diskuterer korleis ein vil ha det. Sjølv møtte ho staden med blanke ark og ope sinn. Nå gler ho seg til vegen vidare.
– Det er stabile og ordna forhold. Eg har blitt veldig positivt overraska. Eg har nokre tankar eg vil lufte etterkvart, men først vil eg komme ordentleg i gang og få litt oversikt, seier ho. Som sin forgjengar ser ho ein umiddelbar verdi av Samtuns plassering – nærleiken til Bø med mykje å engasjere seg i, samt samarbeidet med næringslivet, som eit stort pluss.
Bø viktig for Samtun
– Det gir brukarane veldig gode moglegheiter – både med tanke på aktivitetar og interesser, men også med omsyn til arbeidstrening. Bø er kjempeviktig for Samtun, påpeikar ho og understrekar både arbeid og aktivitet som viktige faktorar for å halde seg rusfri. Dette løftar også Wold fram.
– Det er inga bygd i Telemark som har så mange unge mellom 20 og 30 år. Næringslivet er vande med å inkludere nye, og dei nye slepp såleis å føle på at dei skil seg ut, skyt Wold inn og syner til mange gode samarbeid over fleire år. Som andre behandlingsstader er det framleis stor overvekt av menn som kjem til behandling på Samtun, og dei to sjefane registrerer ei brukargruppe som stadig blir eldre og er meir medisinerte. Dei forklarar dette med fleire med psykiske lidingar, og tilgangen til medikament som bare er eit tastetrykk unna. Kampen for å få dei unge på rett kjøl att brenn dei uansett begge for. Og med Wold som operativ i jobben fram til påske, er Kuhlefelt i god tru på ein god overgangsperiode.
– IT-ansvaret og vaktmeisteroppgåvene må eg nok deligere. Men eg har lagra telefonnummeret til Terje – så i verstefall får han ein telefon, humrar den nye daglege leiaren på Samtun.