– Og eg som aldri har gjennomført nokon ting

STOLT: Kenneth Moljord (27) har gjennomført behandlingstida si på Samtun, og er klar for ein sjølvstendig kvardag utan rus.
SAMTUN: Det seier ein stolt Kenneth Moljord (27), etter å nyleg ha gjennomført behandlingsopphaldet sitt på Samtun. Med store sommarfuglar i magen startar nå kvardagen på utsida.
ingebjorg.bo@samtun.no
– Eg er veldig overraska sjølv. Hadde vel aldri tru på at eg skulle klare å gjennomføre. Eg var jo innom her for nokre år sidan, men reiste etter nokre få veker, fortel 27-åringen, som vedgår at han var langt meir motivert denne gongen.
– Ein må jo ville det sjølv – sjå alvoret. Det har vore tøft, og eg har vore i tvil så mange gonger undervegs. Nå er eg bare letta over å vere ferdig. Og eg som aldri har gjennomført nokon ting i heile mitt liv, smiler han stolt.
Sterkare sjølvtillit
Individuell tilpassing står sentralt i behandlinga på Samtun, og blei del av eit kortare behandlingsløp enn dei vanlegaste 12 månadene staden normalt tilbyr. Det har likevel kravd sin mann å stå i kvardagen gjennom dei ni behandlingsmånadene.
– Eg er lite uthalden i sosiale samanhengar. Hugsar å ha vore det sidan eg sat i sandkassa. Har rusa meg mykje for å sleppe å kjenne på det ubehaget. Nå har eg lært meg å leve med dette og heller trekkje meg unna når eg treng det. Noko av det viktigaste eg tar med meg vidare er å ta i bruk andre verktøy og vite at eg faktisk klarar å stå i vanskelege situasjonar også, seier han og fortel at han har gjort ein solid innsats i å byggje opp trua på seg sjølv.

OVERRASKA: – Eg er både glad og overraska, seier Kenneth Moljord.
– Eg gav lett opp før. Eg hadde aldri snev av tru på at eg kunne klare noko. Trudde ikkje eg ville få ting til i det heile, så det var liksom liten vits i å prøve. Sjølvtilliten har kommi litt meir på plass gjennom denne tida, fortel den reiseklare 27-åringen som flyttar tilbake til heimkommunen sin. Han innrømmer å vere spent.
Trygt nettverk
– Eg har rusa meg hardt kvar einaste dag i mange år – og veit eg har tatt skade av det. Eg har eit godt nettverk rundt meg nå – med arbeidstrening, ein god bustad og flinke folk. Det er folk som vil meg vel. Det er trygt å vite, seier han, som også ønskjer å vere der for familie og vener.
– Eg må vere sterk og stå imot. Eg vil bli oppsøkt av gamle kjente, men har blitt sterkare og veit eg må tenkje meir på meg sjølv. Den bygda er ikkje bra for meg, men familien betyr mykje og eg vil stille opp for dei, seier han som også veit han må ta meir omsyn til seg sjølv.

MARKERING: Det blei fin avslutningsmarkering på Samtun, der Kenneth fekk overlevert eit bilete av dagleg leiar Anna Kuhlefelt.
Sett meg sjølv til sides
– Eg har alltid trudd at alle andre har hatt det verre enn meg – og alltid sett meg sjølv til sides. Eg har alltid gitt bort siste 100-lappen min til andre – for eg har alltid meint andre har trengt dei meir enn meg, seier Kenneth, som nå nå ser samanhengane med friskare auge. Han ønskjer også å stille opp for ungdommen i bygda.
– Eg har opplevd mykje. Vart tidleg vaksen. Eg snakkar mykje med ungdommen i bygda, og prøver å snakke dei vekk frå rus. Sjølv om eg er lei av å ruse meg, veit eg at rusen fortsatt har litt tak i meg, så eg prøvar å formidle det. Det er levande medisinutsal rett utanfor stovedøra. Ein får tak i kva som helst, fortel ein realistisk Kenneth som held fram:
– Eg har hatt nok av dei trasige dagane. Eg ønskjer meg fleire av dei gode nå. Eg har ein liten demon i meg – målet er nå å bruke han til noko positivt, slår han fast.